Dette har Globalskolen betydd for meg

Dette er første året eg er med på opplegget til Globalskolen, og eg må seie eg er veldig imponert av kvalitet og profesjonaliteten i opplegget.

Foto: På bildet ser du Anina Helen sammen med ei Maasaikone i Maasai Mara

Globalskolen har vore nyttig på mange vis. Eg har blitt betre til å reflektere, trekke konklusjonar, bygge og komponere gode setningar, skrive ulike sjangrar, og eg har fått hjelp til å ta vare på og å utvikle mine evner til å formulere meg på norsk.

Eg likar også at Globalskolen inkluderer emne frå læreplanen i KRLE og samfunnsfag. Oppgåvene er gode og varierte, og dei skapar eit samfunnsengasjement i meg, og eg har fått utvikle ein kritisk sans. Eg trur det å kunne reflektere blir ein viktig eigenskap eg kjem til å få bruk for i framtida. Eg trur eg vil ta betre avgjersler der eg tenker meg godt om.

Globalskolen har også gitt meg eit viktig grunnlag for å kome tilbake til heimlandet og til å fortsetje skulegangen i Noreg. Det hadde ikkje vore enkelt å ta vare på ordforrådet og mine skriftlege evner i norsk på ein amerikansk skule utan Globalskolen. Då er eg redd overgangen til vidaregåande skule i Noreg ville blitt veldig utfordrande og vanskeleg.

I tillegg har Globalskolen gitt meg ei kjensle av fellesskap med andre ungdommar i liknande situasjon som meg. Dette er eg også svært takksam for. Eg har også blitt betre både til å gi og til å ta imot konstruktive tilbakemeldingar frå medelevar og lærar.
Anina